Årets Boklek-prosjekt handlar mest om ei bok som heiter «Ulla». Når barnehagen kjem til biblioteket skal dei få høyre heile boka. Så det er fint om de ikkje les den før de kjem. Men om de vil så kan de jobba med oppgåvene som høyrer til boka, også ser ungane samanhengen mellom oppgåvene og boka når dei høyrer den.
Boka «Ulla» handlar om ein sau som heiter Ulla som er med i ein saueflokk. Dei andre sauene meiner det berre er sauer som kan vere med i flokken deira.
Men er det slik at ein flokk berre kan ha ein type dyr i seg? Er det best om alle er heilt like? Kanskje er ikkje den flokken du trur du er ein del av den som er best for deg? I ein flokk skal alle passe på kvarandre og sjå kvarandre for den ein er. Dei ulike eigenskapane som kvar enkelt har, er like viktige. Det er det som er meininga med å lage ei dorulldyr flokk.
Alle ungane lagar sitt dyr som dei gjev namn, bestemmer kva dei kan, og kva dei er skikkeleg gode til. At dei lagar seg sin eigen flokk, og ser at alle er ulike, men at dei treng kvarandre fordi dei er nett det, ulike.
Slik er gruppa i barnehagen også. Alle er ulike og er gode på ulike ting. Men de er ein flokk! Og alle i flokken er like viktige!
Du kan laste ned Bokleik-brosjyrar lenger ned på sida, men bla også gjerne i dei her: