Omslag Stor Martine Grande

Ulla

Anna R. Folkestad, Samlaget 2019

Ulla og flokken leikar gøymsel. Ulla er kjempegod til å gøyme seg, men dei andre er ikkje noko flinke til å leite etter henne. Plutseleg er flokken borte, og Ulla må finne dei att. På leit etter flokken møter ho ei rekke andre dyr. Saman med dei nye vennene er verken elva, steinraset eller den sovande bjørnen noko problem. Kjem Ulla til å finne flokken sin? Ulla er ei hjartevarm og humoristisk forteljing om flokk og fellesskap.

Turnéar

2019: Innlandet

Aktivitetar

Skjelett som danser

Lag ditt eige dorull dyr!

Først må du bestemmer deg for kva for dyr du vil lage. Eller ikkje. Kanskje det vert eit fantasidyr som kjem fram medan du lagar det? Du kan lage eit dyr som likar på deg. Elskar du å klarte som en apekatt? Eller er du god til å ligge og lure i vatnet som ein krokodille? Du kan også lage eit dyr som kan noko du gjerne skulle ønska du kunne. Ei flaggermus som kan fly, eller ei loppe som kan hoppe!

Alle ungane lagar sitt dyr som dei gjev namn, bestemmer kva dei kan, og kva dei er skikkeleg gode til. At dei lagar seg sin eigen flokk, og ser at alle er ulike, men at dei treng kvarandre fordi dei er nett det, ulike.

Slik er gruppa i barnehagen også. Alle er ulike og er gode på ulike ting. Men de er ein flokk! Og alle i flokken er like viktige!

Du treng:

Maling, tusj, blyant, tape, ull, vatt, tråd, fantasi og mykje meir. Ja, og sjølvsagt dorull (helst utan dopapir på).

Barn som tegner skjeletter oppslag fra Samira og skjelettene Camilla Kuhn

Dorulldyr på tur

På plansjen (A1-ark utdele på turné, kan lastas ned under) er det ei gul veg.

Gå saman fem stk dorulldyr på den gule vegen. Korleis kan de løyse problema som dukkar opp på vegen: å kome over elva, forbi bjørnen og gjennom steinraset? Er det nokon i flokken som kan noko, som de kan bruka? Eller kanskje de må samarbeida?

Det går sjølvsagt også å ta med dorulldyra ut i naturen og sjekke om de kan lage ulike oppgåver som borna må finne ut saman.

Du treng:

  • Dorulldyr
  • Utskrift av plansje, eller naturleg landskap
    Barn som tegner skjeletter oppslag fra Samira og skjelettene Camilla Kuhn

    Fargelegg Ulla og venene hennar!

    Skriv ut arket, og la barna fargelegge.

    Du trenger:

    • Teiknesaker
    • Utskrift av fargeleggingsark (JPG)